Nora Heidemann, ei 17 år gammal transjente frå Nordrhein-Westfalen i Tyskland, vann i midten av juni klassen for jenter under 18 år i den nasjonale sjakkmeisterskapen. Det internasjonale sjakkforbundet, som er dominert av Russland, har utelukka transkvinner frå kvinneklassar, men det tyske sjakkforbundet er ikkje av same oppfatning.

I etterkant kjem den allereie velkjende debatten - eg trur alle som har vore på internett dei siste fem åra kan sjå han for seg. Den debatten er ikkje tema her, og han er som alt anna prega av den tredje verdskulturkrigen.

Men eg vart irritert då ein tilfeldig ikkje-sjakkspelar på Bluesky hissa seg opp:

IT'S FUCKING CHESS

What POSSIBLE advantage, even in the warped mind of a transphobe, could being transgender give you at chess? They’re so nakedly hateful they just can’t stand any trans person winning anything ever. Pathetic.

Og vidare:

Why is gender-segregated chess even a thing??

Kvar gong det er snakk om kvinner og sjakk kjem denne reaksjonen – kvifor? Og ganske ofte verker det, som her, som om spørsmålet ikkje er stilt i god tru, og da blir vi arge, vi som speler. For kvinneklassen er ikkje eigentleg så kontroversiell i sjakkmiljøet, og om du spør ein som veit får du eit foredrag som dette:

«Først av alt: I sjakk er det ein open klasse og ein kvinneklasse, ikkje skilde kjønn. Kvinneklassen lar kvinner, som numerisk er i eit ekstremt mindretal, konkurrere om prisar og titlar som dei fleste av spelarane elles ville vore langt unna, slik også dei fleste mannlege spelarane er langt unna å vinne.

Den mannedominerte historia til sjakk gjer at kvinner har eit forståeleg behov for tryggleik, og mange ville aldri ha spelt sjakk om dei som ungdom skulle melde seg til å vere den einaste jenta i turneringa. Ein slik sjølvregulerande effekt kan faktisk vere med å forklare kvifor færre kvinner speler sjakk – mange stader er det for få kvinner som speler til at klubbane kan ha eigne kvinnemiljø og kvinneklasser.

Dei beste kvinnene er gode nok til å vere med å konkurrere i gode, opne turneringer – vi veit det frå ratinga deira – men akkurat no er dei ikkje i verdstoppen, og det gjer økonomisk og statusmessig meining for dei å spele i kvinneklassen i VM og sjakk-OL. Den beste kvinna i sjakkhistoria, Judith Polgár, var ein av dei ti beste spelarane frå 1996 og framover.»

Foredrag over.

Så, argumentet er ikkje akkurat dårleg. Det heng saman. Motivasjonen for kvinneklassen er ikkje bygd på essensielle, sjakk-relevante forskjellar mellom kjønna, slik som kvinneklassen i bryting eller fotball er. Han er motivert som ein slags subsidie for å rette opp eit skeivt utgangspunkt.1 I tillegg har kvinneklassar stor oppslutnad hos kvinner i sjakk.

Men at dei som vel å spele i kvinneklassar, likar dem, er ikkje i seg sjølv eit argument for at dei fungerer.

Kan det vere galt med kvinneklassar, likevel? Om dei er så nyttige, kvifor går det ikkje betre? I Noreg er berre fem prosent av dei aktive spelarane kvinner. Det same gjeld mange land i Vesten. Har sjakkverda slått seg til ro med ei ordning som eigentleg marginaliserer kvinner? Eg trur det er noko å sjå på, men vi må ein omveg om kvinner og sjakk generelt.

Kvinneessensen

Sjølv på det høgaste nivået lever essensialismen. Sjå på dette sitatet, frå ei som var på toppen av hierarkiet:

Eg er ei kvinne som speler eit mannespel, så eg balanserer feminine kjensler med maskulin logikk for å bli den sterkast moglege spelaren.

Zhu Chen (verdsmeister for kvinner 2001-2004)

Kvifor er kjenslene feminine og logikken maskulin? Når mannlege stormeistrar slit med forstyrrande kjensler, er desse same (?) kjenslene meir... maskuline. Shahade har intervjua Aleksander Sjabalov, ein latvisk stormeistar, som seier at «i dei fleste parti tenker eg på jenter femti til syttifem prosent av tida», og meiner at han speler betre når han held jentetankane borte.

Mange i sjakkverda slit med å skille ifrå kvarandre to spørsmål. Det eine: er kvinner, biologisk, like gode som menn til å spele? Det andre: kvifor speler færre kvinner sjakk? Vi kan ikkje forstå det andre – «vil»-spørsmålet – utan å sjå på det første – «kan»-spørsmålet.

Men merk at det eine svaret ikkje følger av det andre. Eg vil spele sjakk, men eg er ikkje noko god. Eg speler likevel. Og tilsvarande er ikkje det å vere god ein garanti for at ein vil spele. Faktisk slutta Hou Yifan, den dag i dag den aller beste kvinnelege spelaren i verda og verdas 96. beste spelar uansett kjønn, i det store å spele seriøst i 2018, da ho var 24 år gamal. Ho blei i staden professor.

Jennifer Shahade, som er amerikansk meister for kvinner, har ein underhaldande gjennomgang av kor «vitskapen» har vore i «vil»-spørsmålet i Chess Queens.2 I 1950-åra foreslo stormeistar Reuben Fine at gutar spelar sjakk fordi underbevisstheita deira ønsker å drepe far, og kongen i sjakk er ein ønskefar – både impotent (kan berre flytte eitt felt) og viktig. Han la til at regelen om rørt brikke (ikkje ta på han før du vil flytte han) speglar gutanes reglar om sex – som i dette merkelege universet er «ikkje onanér».

Kuriosa, kanskje, men også ei påminning om at heilt skrudde idear om kva som var dyd har spelt ein avgjerande rolle for kva barn har dreve med, og at desse dydane har vore skore skarpt langs kjønnsaksen. Og sjølv om ideane har forandra seg, står forskjellar att. Fortsatt gjer jenter mellom 10 og 14 år 50 prosent meir arbeid3 i heimen enn gutar, til dømes. Kan det ha noko å seie for kor mykje sjakk ei ung jente får spelt?

Fortsatt lever også ideen om at det finst jente- og gutemåtar å spele sjakk på, til dømes. I denne folkemytologien speler gutar aggressivt og jenter passivt. Men, mystisk nok: alle er også einige om at gutar speler for aggressivt, og at klokskapen som vinn parti ligg i å tøyle villskapen og aggressiviteten. Men då skulle vel jenter vere betre enn gutar, som må få slipt av seg villskapen?

Statistisk har ikkje noko slikt stilskille vore mulig å dokumentere, men tautologien treng ikkje dokumentasjon – for om ein mann speler passivt speler han «ikkje så guteaktig», og då ei ung Jennifer Shahade vann turnering etter turnering med aggressivt spel fekk ho høyre korleis ho ikkje kunne skuldast for å «spele som ei jente». At ho, ei jente, vann blir i staden eit prov: ein sånn ikkje-jente-stil er overraskande på gutane, og dermed grunnen til at ho vinn. I denne heksetesten er alle jenter, uansett korleis dei speler, prov på at jenter speler passivt.

Om vi skrapar under overflata gjeld den samme mekanismen på mange sosiale teoriar, når vi uformelt «undersøker» om dei held vann via anekdotar.

Men kva med kvinneklassane?

Hugsar du Hou Yifan, ho som blei professor i staden for å satse på ei karriere i sjakken? På sitt høgaste hadde ho ei rating som gjorde ho til den 56. beste spelaren i verda, og med ganske god margin den beste (aktive) kvinnelege spelaren. Ho var også ung, ung nok til å stige enda høgare på rankingen.

I 2019, etter at ho hadde lagt opp, spurte chess.com ho om korfor kvinner ikkje når opp. Ho nemner først ein tvilsam, fysisk forskjell: I lange parti vinn menn på fysikken fordi dei har meir energi. Om noko peiker forsking på at kvinner er meir uthaldande. Så seier ho at gutar er meir einspora og jenter tenker på utdanning og familie og sånt. Det blir ein slags Rohrschach-test for kor du står i «fødd sånn eller blitt sånn»-debatten, for dette kan det vere genetiske eller sosiale grunnar til. Men går ho i strupen på kvinneklassar:

Når dei veks opp blir kvinnelege spelarar fortalt at «viss du vinn jenteklassen blir vi stolt av deg, dette er godt jobba!». Men det er usannsynleg at dei blir fortalt «Nei, du burde kjempe for å vinne open klasse». Jenter blir fortalt at det finst ein kjønnsforskjell, og at dei burde prøve så godt dei kan i jenteklassen og vere fornøyd med det. Så uten motivasjonen til å jage mot høgare mål, er det vanskeleg for jenter å forbetre seg så raskt som gutar i oppveksten.

Hou sjølv fekk spele mot dei beste, og blei oppfordra til å strekke seg. Fra ho var sju år gamal var ho i eit kinesisk, nasjonalt treningssenter. I intervjuet syns eg det skin gjennom at ho er lei, og ho er på ingen måte den einaste stormeistaren på omlag hennar ratingnivå som kommer til eit punkt der du enten må gå all in eller berre gje deg.

Ein interessant vri er at ho kan ha rett om dette samstundes som foredraget har rett om at kvinneklassar er bra for rekrutteringa; kvinneklassane bidrar til å få fleire kvinner til å spele, men dei blir i gjennomsnitt dårlegare spelarar.

Det same meiner stormeistar Pia Cramling frå Sverige. I ein samtale med Fabiano Caruana seier ho at svenskane har hatt liten tradisjon for eigne kvinneklassar. Ho trur effekten for ho sjølv var positiv, på den måten at ho blei tvungen til å strekke seg. Men ho meiner også at det kan vere ein annan samanheng: Sverige har kvinnelege spelarar, sjølv om dei få som finst har høgt nivå.

Storleiken på effektane avgjer om kvinneklassane gjer det meir eller mindre sannsynleg å få kvinner i den absolutte verdstoppen. Men ingen har sagt at må vere målet. Om målet er at fleire skal spele sjakk, er det ikkje tvil om at eigen kvinneklasse er eit gode.

Fotnotar

1

Eg vil ikkje først og fremst diskutere trans-sida av saka, men nokre moment må med som ein fotnote. Poenget i Bluesky-meldinga blir absurd fordi klassen er ein subsidie, ikkje ein kategori: Kvinneklassen er der for å promotere kvinner i sjakk, og då er det på sida av poenget om ein transperson har ein fordel; spørsmålet blir meir om transjenter og -kvinner skal få ta del i dei subsidia som er meint for kvinner. Eg tippar at frontane i den debatten fordelar seg akkurat som i debatten om rettar for transpersonar generelt, utan mykje prinsipiell tenking. Personleg tenkjer eg at om nokon treng tryggleiken av ein eigen klasse utan sjåvinistiske og klåfingra menn er det nok transjenter, og eg tillet meg sjølv å tvile på at sjakkjenter vil vere mot å få nokre fleire å spele mot i klubbane sine. I prinsippet finst eit argument til, nemleg at nokre gutar og menn vil segle under falskt transflagg for å få vere med i kvinneklassen. Det verker usannsynleg på meg, fordi både pengepremiane og prestisjen er så låg, men her kan nokre råtne eple absolutt øydelegge for alle.

2

Shahade, Jennifer (2022). Chess Queens: The True Story of a Champion and the Greatest Female Players of All Time. Hodder & Stoughton, London.